Ein Faun i skogen!

Eg har ei venninne som er kjempedyktig på både kostyme og sminke. Til Halloween i år hadde ho laga seg eit kostyme av ein Faun - halvt geit og halvt menneske. 
Dette har ho brukt en del tid på - og syns derfor det hadde våre kjekt å kunne forevige det. Så ho spurte om eg var interessert i å hjelpe henne med det. Eg kunne ikkje la sjangsen gå frå meg, så då vart det skogstur :)

Eg lasta ned ein app for å finne ut kva tid det var solnedgang, og me drog avgårde ca ein time før. I retorspekt skulle me nok ha fåre litt før. Det var fint lys, men me måtte være veldig kjappe på slutten, når klokka nærma seg 16.

Faun i vinterklede


Det var en smule kaldt, men heldigvis var det ikkje minusgrader. I tillegg var det litt vanskelig terreng med mykje blaut snøv, noko som gjorde at det var litt utfordrande å bevege seg med hovar i staden for føter :)

Når det er sagt, so hadde vi det morsomt, og me sit at med ein del bilete som i alle fall eg syns er veldig stilige.